«Kropp og hovud, ja takk begge deler»

Eg var på Lightning process-kurs (LP) som pårørende og er generelt svært interessert i menneskesinnet og det heile menneske. Kropp og hovud, ja takk begge deler.

← forrige side

Turid Spildo

Kurset var interessant og gav meg mange tankar. Men det var fyrst fire måneder etter kurs at eg byrja å bruka det eg hadde lært, og då særlig prosessen. Eg hadde litt ryggplager, men ikkje verre enn at eg fungerte. Nokre år tidligare hadde det vore ganske ille i periodar. Eg gjekk jevnleg til kiropraktor. Mor mi hadde dei same plagene i den same alderen, så eg tenkte; ja det er vel arveleg. Så då eg ein gong nyleg hadde vore hjå kiropraktor og ryggplagene kom att svært raskt, tenkte eg at eg ville prøva LP og prosessen. Det fungerte!!! Ikkje etter fyrste gong, heller ikkje etter andre gong, men eg gjentok prosessen, og så vart eg kvitt plagene! Plagene kom att. Men så brukte eg prosess, og plagene forsvant igjen.

Foto: Trine Mikkelsen

Dette er no ca 2,5 år sidan. Etter kvart kom ryggplagene sjeldnare og sjeldnare. Når det kjem no, veit eg kvifor, og eg veit kva eg skal gjera for å få det bort. Eg har blitt kjent med funksjonen mellom hovud og kropp. Det som i begynnelsen virka magisk, er no logisk. Eg var også plaga med svimmelhet før. Det kom av og til. No har eg ikkje hatt det sidan eg byrja med LP-prosess. Eg forventar heller ikkje at det skal koma att. Eg trur der er ein samanheng. Og ein bonus som eg ikkje hadde forventa, er betre sjølvkjensle.

(Eg vil gjerne presisera at eg har stor respekt for kiropraktorar og deira kunnskap.)

KvinneForeldrePårørendeLangvarige smerterLightning process