I det augeblikket orda ´eg elskar deg´ kom ut av meg til meg sjølv, så falt noko på plass

Min sjukdomshistorie var samansett. Fleire diagnosar og stor belastning i livet satte meg ut både kroppsleg og mentalt. Etter fleire år med stress i eit konkurranseprega yrke (skodespelar og musikar), lavt stoffskifte-diagnose og påfølgande vektauking, utmattelse og bekymring, toppa det heile seg med eit samlivsbrot etter 10 år og heimflytting frå England til Noreg. Etter 15 år i eit anna land, følte eg også på ein slags eksistensiell krise, og sorgprosessen etter samlivsbrotet var stor og altoppslukande. Sjølv med nokre lyspunkt, så auka smerter i kroppen og trøtthet. Eg budde heime hjå foreldra mine og fekk mykje hjelp både emosjonelt og økonomisk av dei. Eg som var vaksen og hadde flytta heimefrå då eg var 16 år var no tilbake i barndomsheimen.

I året etter samlivsbrotet, gjekk eg i månadsvis i fysioterapi pga kronisk hodeverk, smerter i skuldre og nakke, gjekk i terapibad, var hos tannspesialist på grunn av smerter i kjeve, var ut og inn av legekontoret og tok drøssevis med blodprøvar og opplevde så tydelege symptom på ME at eg også blei henvist til time hjå DPS og ME spesialist. 

Men eg kom ikkje så langt. Noko i meg sa nok er nok. Eg sat ein dag i våren 2017 og såg på ein teaterkontrakt eg hadde fått for hausten 2017 ved Haugesund teater, og visste at dette kjem eg ikkje til å klare slik stoda er no. Nokre dagar før hadde eg gått tur med familien og blei så utmatta og var for lydar då eg kom heim, at eg måtte legge meg med proppar i øyra og lukka auge.

Er det slik eg skal ha det resten av livet, tenkte eg. Skal eg bli ufør og aldri stå på ei scene meir pga smerter og utmattelse som øydelegg?

Koss i allverda kunne det hjelpe meg?

Sommaren 2016 fekk eg tips av ei kusine som hadde gjort Lightning process (LP) og som meinte at dette kunne vera noko for meg.  Men eg var skeptisk. Koss i allverda kunne det hjelpe meg? Det hjelpte kanskje andre, men eg hadde jo så mange plager.. Det tok meg nesten eit år før eg endeleg sende inn påmeldingsskjema og hadde samtale med LP instruktøren i Sandnes. Eg ville ikkje venta på nokon offisiell ME diagnose. Eg trong hjelp. Og hjelp fekk eg.

Kurset endra livet mitt drastisk. Eg blei frisk. Foreldra mine sa dei tok i mot ei heilt anna dotter enn ho dei sende avgårde. Veldig snart forsvann dei kroniske smertene, eg byrja trene meir regelmessig og utmattelsen eg hadde kjent på i fleire år, var vekke. Eg fekk tilbake livsgnisten. Plutseleg var jo alt mulig. Nye framtidsplanar blei lagt. Største bevis på endringa i meg var at eg same haust stod på scenen i Haugesund og samtidig studerte 100 % ved sida av. Kven skulle trudd det då eg låg på rommet nokre månadar før i mørket med proppar i øyra etter ein gåtur med familien.

Kven skulle trudd det då eg låg på rommet nokre månadar før i mørket med proppar i øyra etter ein gåtur med familien.

For meg så var det største vendepunktet eg opplevde på kurset at eg under ein øvelse blei spurt om det var noko eg ville seia til meg sjølv. Instruktøren lurte på om kanskje eg trong å seie at eg elsker meg sjølv. Det augneblikket får tårer til å renna den dag i dag. For i det augeblikket orda «eg elskar deg» kom ut av meg til meg sjølv, så falt noko på plass. Det var så tydeleg. Etter fleire år med vaklande helsa, stresset som fulgte med eit stoffskifte som endra utseende og påvirka det kognitive og energien, samlivsbrot og sorg og angst…..så hadde eg mista meg sjølv. Eg hadde slutta å elska meg sjølv og sjølvtilliten var på botn.

Det som gjorde frisk for meg var blant anna det at eg byrja bli glad i meg sjølv att, og at eg lærte å oppdaga såkalla grøfter, små eller store, som suger energi. Eg lærte kor viktig språkbruken er for helsa mi. Den indre stemmen blei oppmuntrande og lys. Eg såg også kor stor skade perfeksjonismen i meg kan gjera. Då eg kom heim, fekk foreldra mine klar beskjed om at frå nå av skal dei ikkje lengre spørja meg: koss går det med deg? For då, av gamal vane, skannar eg kroppen for å finna noko gale. Dagen eg kom heim og framleis over 3 år seinare spør dei: «Kva positive endringar har du hatt i dag»? Eg finn alltid noko eg kan fortelja. Fokuset er endra.

Eg såg også kor stor skade perfeksjonismen i meg kan gjera.

I eitt år etter kurset fekk eg månadlege telefonsamtaler av LP instruktøren. Og tryggheita i det, var at ho kunne fanga opp i måten eg prata på, om eg trakka nedi nokre gamle stiar som ikkje var til det beste for meg. Og ved lett og oppmuntrande veiledning, var eg tilbake på dei stiane som gjer livet mitt godt.

I 2020, med alle sine utfordringar i forhold til korona og livet elles, har eg hatt eit par samtaler att med LP instruktøren. Eg la merke til at eg kjørte meg litt fast i gamle mønster, med til dømes grubling og engstelse, og då er slike samtalar gull verdt. Eg får alltid ein ny løft etter dei samtalane og eg ser liksom ting tydelegare igjen. 

LP er ein stor del av livet mitt framleis, for verktøyet ein lærer på kurset er det som gjer at eg i dag er utøvande skodespelar og musikar med base i Oslo og at eg kan gjera kva eg måtte ønske med livet mitt!